tysdag 17. april 2007

Snill, senil, sliten og/eller liknande.

I helga var eg på leirledarkurs, som avsluttning på kurset spelte og sang me på eit møte med gjennomsnittsalder gamal. Poenget med å sei detta kjem eg snart til, difor seie eg no at det eg såg då var at berre på grunn av at dei fekk sjå nokre yngre andlet lyste andleta deira opp og det er noko som er verdt å oppleve, sjølv om ein kanskje må tyna seg igjennom ein keisam tale(noko som ikkje var tilfelle på dette møtet, sjølv om det var gamal talar og eg kanskje datt av mot slutten var det likevel interessant)
Noko anna eg kom fram til denne sundagen var det at å vera god og snill er ikkje noko ein er men noko ein vel å vere, dette her skriv eg litt som svar til alle de som undrar dykk over kvifor eg ofte står og held døra. Det som gjorde at eg kom fram til dette var at då eg sat på flyet sat eg ved sida av ein som sat og såg ut til å keie seg, noko eg syns var trist og let han difor låna ein av Donald-Pocketane eg hadde kjøpte meg på flyplassen, du hendelse for ein reaksjon: andletet lyste opp som hjå ein unge som fekk godteri, noko som gav meg ein fred på innsida. Vel eg kan eigentleg ikkje forklare korleis det er, anna enn at det er godt å få tene Herre Kristus ved små ting som ofte kan skape gode/store/positive reaksjonar. Dømer: å halda døra open for nokon, låne vekk til dei som treng det eller bruke av ditt på andre. Her i Noreg burde det ikkje vere noko problem å vere gavmild, sidan me har so mykje, difor vil eg utfordre dykk til å prøve ut det å vere snill mot andre og oppleve den gleda det gjev å sjå kva det gjer med medmenneskja dine. Sidan vil det gjeva dykk abstines og verden vil verte betre... Håpar eg.

Av ein eller an grunn har eg vore litt nedfor i det siste. Eg veit ikkje heilt kva det kjem av og det skremer meg litt for det har gjeve meg tankar som til dømes at kanskje eg ikkje skal gå på Kongshaug likevel og skal eg eigentleg spele trommer? Eg er litt redd at det at Magnus skal flytte kan vere ein faktor som kan ha vore med å utløyse det, men eg er ikkje sikker...
Uansett, eg bed til Herren at han må vise meg den vegen eg skal gå på.
Dagens salomo: I hjarta tenkjer mannen ut si ferd, men Herren styrer hans steg. (Ordtøka 16. 9)
Noko anna som får meg til å undre meg litt over at eg er litt nedfor er at eg fekk høyra i går at eg nesten alltid er glad, noko eg eigentleg er einig i men likevel ueinig i, pga dette. Kan det vere at eg alltid gjev eit positivt og blidt uttrykk(inntrykk for dykk) av meg, at eg ikkje lar kjenslene mine sleppe heilt til eller at eg umedviten kler på meg ei glad maske når eg er saman med andre...
Steikje, eg glede meg til Himmelen!

4 kommentarer:

Jon sa...

Det her opplever jeg som positivt, Oleboy. Det er ganske fint at du har bestemt deg for å være god i gjerning og tanke. Det er veldig forebyggende først og fremst for deg selv og igjen først og fremst for din neste. Håper alt går bra.

Romans 13:12

12The night is nearly over; the day is almost here. So let us put aside the deeds of darkness and put on the armor of light.

Jon.

Anonym sa...

JOda.. masse flotte tankar her.. depresjon er vell en del av ungdommen.. det er det å komme over det som er så deilig at det nesten er verdt det.. ellers så kan du visst være sint ja.. men eg ser deg ikkje for meg trist egentli.. kanskje eg får oppleve det gjennom de to neste åra på kongshaug som eg håper å dele med deg;)

Ole Malvin sa...

ok, ja eg kan vera sint og irritert og aggresiv. Tingen var at eg alltid er glad var noko nokon sa til meg... ikkje mine ord altso. Eg veit at eg har varierande humør, berre at eg kanskje alltid kan le av alt.

Håkon sa...

No lest itj e hele posten, men e e faktisk enig i at talen var overraskende god! :D