Skiftande årstider
Jaja, då e våren her og snøen lavar ned medan blada fell av trea og me et is. 75% var vertfall sant. Våren har vore her lenge, no snøa da ute, eg åt is for nokre dagar sidan, heldigvis fell ikkje blada av trea men spring ut. Anna interessant er at eg igjen har vorte einig med meg sjølv om at hår er best utan noko i, sjølv om det kanskje kan sjå betre ut med noko i. Hadde det berre ikkje vorte so klissete og ekkelt då, kanskje eg skal prøve skum?... forresten, da brukte eg då eg hadde lengre hår og var fornøgd med det!
Tilbake til vêret her på vestlandet, eg merkar ikkje sjeldan stor misnøye pga. vêret her på Haugen. Noko eg ikkje skjønar, sidan Gud har skapt alt saman og gjeve oss sansar so me kan nyte det, i tillegg til at me kan nytte det. Eg undrar meg faktisk øve at "fint vêr" er synonymt til sol og varmt medan stygt vêr er synonymt med regn og overskya, kanskje litt kaldt òg. Sett at du no var bonde og vil ha størst avling, då er sjølv sagt ei blanding av regn, overskya og sol og foretrekkje(helst nok av det som trengst, uansett kor "ubehageleg" det måtte vere å ut å gå i det vêret). Sett at du spelte fotballkamp, då er alt like herleg men overskya klart foretrukket! Sett at du var i eit land med tre regnvêrsdagar og du får endeleg ein friskt og avkjølande brot frå den steikjande sola... Kva var det som var fint og stygt vêr igjen?
Dessutan går det å sjå på årstider og vêr som bilder på periodar me menneskje må gjennom. Eg gidd ikkje å forklare dett so nøye, mest fordi eg ikkje har orda eg vil sei for augneblinken.
1 kommentar:
Konge.
Jon.
Legg inn en kommentar