onsdag 5. november 2008

Vinteren nærme seg

og eg vakna med frost på "sengesettet" mitt i dagtidleg.
Fram til eg byrja på Kongshaug brydde eg meg lite grann mindre om vêret, om eg ikkje hugsar heilt feil. I allfall kledde eg meg betre. Men no tenker eg faktisk ein del på vêret, og for å vere ærleg so er eg nøgd so lenge det skifter litt. Eg veit óg det at me fram til juleferien vil få nok av både "fint" vêr og "grusomt" vêr. Ja, om det skulle regna fram til seinare på året ein gong ville me likevel fått sjå himmelen. Om ikkje mykje kvar dag, so ville det gjeve avbrot i vestlandsvasken. Men sjølv om eg no veit at me vil få nok av det eine og det hitt gløymer eg å kle meg. Eg veit ikkje om alt dette kjem av at eg byrje å verte gamal; vis og gløymsam. Eller om det er påverknad frå austlandet, kanskje eg óg rett og slett vert lat og misnøgd med vêret?

5 kommentarer:

Vibeke sa...

Så det e blgging du driv med når me har blokkdag i norsk ja.. :) Okei, eg e jo ikkje noke bedre sjøl, eg sitt jo her å kommentere..

Jon sa...

Denne uken har det vel vært helt konge vær. Bare for å være litt positiv lzzm.

Ole Malvin sa...

At det er kongevêr på Kongshaug ei veka hindre ikkje bortskjemte onga i å sei at "sånt får me sjå ein gong i året her" når det er skyfri soloppgong!

meg sa...

Me er bortskjemde, slik er det berre.

Forresten so ser ingen bortskjemde born soloppgongen, dei er for opptekne med å sova og/eller klaga på at dei har sove for lite.

Synøve sa...

Det hadde i jo ikke vært noe nytt om du var lat da ;)