torsdag 14. august 2008

Kommunikasjon

Berre innrøm da, du skrive feil og du lese feil. Heile tida.
Har du sett budbilekspressen, ja då veit du kanskje kva eg snakker om. Sjølv om det står bud bilekspressen på tre ulike måtar på bilane deira lese du da som budbilekspressen kvar gong. Når du går langs butikkhyllene har syltety etter heimelaga oppskrift lett for å sjå freistanda ut. Sjølv om du, om du gjer ein innsats med dei små grå, veit at ei heimelaga oppskrift er ubrukeleg. Hadde syltetyet, derimot, vore heimelaga, då hadde det vore innlysande at syltetyet var freistande. Eller om det i det minste var det som stod på innpakningen som ikkje liknar på den heimelaga syltety som regel har. Om påskrifta skulle vore heilt korrekt ville det ikkje vore svært utenkeleg at det stod noko i retning: Syltety, om lag slik bestemor lagar det! Slike ting har me ofte problemer med å sjå, ikkje av di me ikkje lærer norsk godt nok på skulen, neineinei; men eg skal sei meir om dette seinare. Når me er unge er det gjerne fordi me nyleg har lært å lese og difor ikkje kan nyansane godt nok til å sjå slike upresisjonar. Når me vert eldre er me meir opptatt av å skrive geniale tekstar slik at du får gode karakterar på skulen eller verte berømt forfattar allereie i byrjinga av tenårene. Desse måla vert som regel ikkje nådd. Og det er ikkje på grunn av at du er upresis når det kjem til rettskriving. Neinei, det er rett og slett av den enkle grunn at du er so opptatt med dei måla du skal nå at du gløymer å bruke innspirasjon til å få i gang kreativiteten.
Ja, dette hadde eg eigentleg tenkt å legge ut her på veven. Men so tok me opp temaet i ein norsktime og det geniale ved teksten svann hen for meg. Dessutan har eg gløymd korleis eg tenkte å runde av innlegget.

2 kommentarer:

Jon sa...

Min gode venn, så finurlig morsomme tekster du komponerer. Hvordan har du det? Stress med kongshaugfestival? Jaja, jeg kommer ikke så det kan ikke være så gale.

Ole Malvin sa...

har da heilt greitt, e ein smule slit i tredjeklasse men festival blir bra! sjølv om du ikkje kjem...