tysdag 6. mai 2008

Kva skal eg seia?

Håret mitt er ikkje det det ein gong var... Eg liker i grunn korleis det no er, det er flokete og flokene forsvinner ikkje! Men det står ikkje like mykje til vêrs lenger og det er klissete. Klisset har kome seg og eg har framleis forventning om at prosjektet mitt vil gjeva eit spennande resultat. For lesara som ikkje allereie veit dette, og ikkje skjønar kva det handlar om: Eg har laga, i byrjinga, éin dread. Vel, det var ikkje eg som laga den første, eg laga dei fire neste. For at dreadsene skulle setja seg godt lot eg vera å vaska håret i 3 veker, eg skylte det heller ikkje den tida. Dette må alle som lagar dreads, ved å tuppere håret og ha voks i, igjennom. Etter denne perioden byrja eg å skylje håret, og sidan eg allereie var 3 veker på veg kvi ikkje slutte å vaske håret heilt? Eg har høyrt det påstått at etter 3 månandar byrjar håret å vaske seg sjølv. Interessant, eg gler meg. Men det luktar jo noko av det, vil eg tru. Eg kjenner det ikkje noko særleg, berre når eg nyleg har hatt voks i. Heldige meg som kjenner den lukta som eit naturleg element, om lag som ein normal dose sveitte. Verre er det nok for dei som kjenner lukta éin skildra til meg som: Verken vond eller frisk.

5 kommentarer:

b sa...

Kanskje det e flaks for meg at eg ikkje har møtt deg etter at du starta det prosjektet, då? Men eg ville gjerne sett utviklinga og resultatet! Komme du på UL, kanskje? For i så fall treffes me jo muligens der:)

Ole Malvin sa...

UL ja, søren... Har ikkje kontroll på sumaren min, eg får sjå.

Anonym sa...

Klypp deg og kom deg i arbeid gut!

Magnus

Jon sa...

Er dette en reaksjon på noe forferdelig som har skjedd?

Ole Malvin sa...

naa... eg veit ikkje Jon. va meir for å sjå korleis hår blir om eg "øydelegg" da. sjå korleis andra sio av hår e; om du skjøne