måndag 24. desember 2007

Som kjend, eller som eg har tenkt å gjera kjend:

Det er ikkje før noko mangla at ein sakna det. Logisk nok...
Eg burde, om eg skulle gjort det årstider og tradisjonar seier, sagt noko om Jol. Det kan eg jo forsåvidt gjera, i og med at det etymologiske ved dette ordet har oppteke meg særs lite, men meir enn anna, den siste tida. Eg har kanskje tidlegare fått høyre kva Jola eigentleg var/er/kan verte att, men det har ikkje før no slått meg på denne måten at me miksar og triksar med høgtider, og namna deira. Kva høgtida er er ikkje nøye, so lenge det er høgtid og me kan verte fulle. Jol var som, noko som kanhende er kjend, ein lysfest rundt 12, januar. Vel, i alle høve heilt til nokon hugheile kristne fornya innhaldet og brått feirer me ein lysfest med meir meining enn at sola snart kjem attende.
Sjølv om det kanskje hersker ei stor uvisse om kortid ein verkeleg skal byrje å drikke julebrus, kor mangen tusen pengar ein skal bruke på pakkar i år, kven ein skal kjøpa pakkar til. Kanhenda nokon ikkje eingong veit kvi me feirar Jol eller kva som ligg i uttrykket "god jul"(eller uttrykk som liknar). Hmm, ja.. sjølv om: alt det eg skreiv i stad, handlar den kristne Jola, Kristmesse ville vore betre, om ein far som gjev borna sine noko dei verkeleg treng som dei ikkje er i stand til klare å skaffe sjølv og ikkje gjere seg fortent til. Kanskje er det ikkje noko kjøpeleg, pakka inn i fint papir.
Det eg eigentleg skulle sei dykk: Eg bryr meg vel ikkje med kva eg har å seia, no har eg gjort so alle andre gjere og forvente at andre skal gjere. Eg går bort i ein krok og skamme meg...
Denne teksten inneheld antakingar og tankesprang gjort av meg, som eg veit kan vera litt vage. Ikkje sjå på den som ein faktatekst, heller ein litt omtrentleg tekst (treng eg å skriva detta?) som er meint å gjeva eit heilheitleg bilete av det som er sentralt i denne teksten (poenget med å skriva detta er sjølvsagt å vere på det tørre, om nokon skulle feiltolke teksten.) . Men eg anntar de vel å sjå med skjønn på denne teksten min (er teksten verkeleg so lurvete at dette er naudsynt?).

3 kommentarer:

Ingeborg sa...

God jul, Ole Malvin! :)

Runa sa...

Tusen hjarteleg takk for den hårete filmen og oppskrifta til permanent lukke! :)

meg sa...

Om namnet er adoptert, gjer det no lite. Eg heiter Endre etter min oldefar, men eg er ikkje det minste lik han. (I alle fall ikkje på nokre tydelege måtar.) På same måten er ikkje jul det same som jol, eller "jólablot", som det heitte.

Kva tid vi feirar det, og kva namnet kjem frå, er stort sett irrelevant. Det er kva vi feirer som eigentleg har noko å seie. Og no når heile verda ser ut til å verte desentisert i førehald til vår Kristmesse, er det viktigaste å hugsa på at Han faktisk vart føydd, ikkje at festen for å feira føydselen 'tilfeldigvis' delar halve namnet sitt med ein gamal blot.

(Dette har vore ei litt for lang, og langt ifrå behovsprøvd påminning. Hev ei fortsett velsigna jol.)