fredag 24. august 2007

Dei sterkaste dyra som Gud har skapt (Job 40,10 - 41,25)

10 Sjå elvehesten!
Eg har skapt både han og deg.
Han et gras som ein okse.
11 Sjå for ei kraft han har i hoftene
og for ein styrke i bukmusklane!
12 Han strekkjer ut halen, stiv som ein seder,
og lårsenene er fletta fast.
13 Knokar har han som koparrøyrer
og ei beingrind som jernstenger.
14 Han er det fremste av Guds verk,
skaparen gav han så kvast eit sverd.
15 Fjella gjev han sine gåver,
alle slag villdyr som leikar der.
16 Han kviler under lotusplanter,
i livd av sev og sump.
17 Lotusen gjev tak og skugge,
og piletrea attmed elva
står som eit vern om han.
18 Han rømer ikkje om straumen er strid;
om Jordan fossar mot hans gap, er han trygg.
19 Kven torer gripa han i augo
og dra ei snor gjennom nasen hans?
20 Kan du dra krokodillen opp med krok
og halda tunga hans nede med snøre?
21 Kan du få sett eit sevreip i nasen hans
og stikka ein krok gjennom kjaken?
22 Vil han då be deg audmjukt om nåde
eller tala blidt til deg?
23 Trur du han gjer ein avtale med deg,
så du kan ta han til træl for alltid?
24 Kan du leika med han som med ein fugl
og fanga han til småjentene dine?
25 Kan eit lag av fiskarar selja han
og stykkja han ut mellom kjøpmenn?
26 Kan du spekka hans hud med spyd,
hans hovud med harpunar?
27 Prøv berre å leggja hand på han!
Det vart ein strid som du kom til å minnast;
den tok du ikkje ein gong til!
28 Det du vona, slo ikkje til,
du låg der berre du såg han!
41 Ingen er vel så vågal
at han torer terga krokodillen.
Kven kunne stå seg mot han?
2 – Kven gav meg noko fyrst,
så eg laut gje han att?
Alt under himmelen er mitt. –
3 Eg vil ikkje teia om krokodillens lemer,
kor sterke dei er, og kor fint dei er bygde.
4 Kven kan få hol på hans ytre ham
eller trengja igjennom hans doble panser?
5 Kven torer opna gapet på han?
Hans tenner vekkjer redsle.
6 På ryggen har han rader av skjold,
godt attlatne som med segl.
7 Tett ligg det eine innåt det andre,
ikkje ein pust kjem inn mellom dei.
8 Skjolda heng fast i hop,
dei grip inn i kvarandre og kan ikkje skiljast.
9 Når han nys, blinkar eit ljos,
augo hans strålar som morgonroden.
10 Logande eld fer ut or hans gap,
det sprutar gneistar frå det.
11 Or naseborene kjem det røyk
som frå ei oppheta, kokande gryte.
12 Pusten hans set kol i brann,
ein loge står ut or hans gap.
13 Stor styrke har han i nakken,
og redsla hoppar føre han.
14 Valkane under halsen hans er faste,
dei sit som støypte og rører seg ikkje.
15 Hjarta hans er fast som stein,
som den nedste steinen i kverna.
16 Når han reiser seg, må kjemper fæla,
dei går frå sans og samling av redsle.
17 Om sverdet råkar han, bit det ikkje,
og heller ikkje kastevåpen, spyd eller pil.
18 Han aktar jern som var det strå
og bronse som morkna tre.
19 Ei pil kan ikkje jaga han på flukt,
stein frå slyngja er som halmstrå for han.
20 Ei klubbe reknar han òg for halm,
han berre ler åt susande kastespyd.
21 Under buken har han kvasse taggar,
som ein treskjeslede lagar han far i gjørma.
22 Han set djupet i kok som ei gryte,
lèt havet skumma som ein kjele med salve.
23 Bak han går det ein lysande stig,
det ser ut som om djupet har sølvhår.
24 Hans make finst ikkje her på jord,
skapt som han er utan reddhug.
25 Alt som er høgt, ser han i auga,
han er ein konge over alle stolte dyr.

Er det verkeleg ein elve-/flodhest og ein krokodille som er skildra her?

2 kommentarer:

Jon sa...

Dr. DIno freak.

Låv.
Jon.

Vask & Vis avis sa...

Til Øvre Vestheim!http://synovesol.blogspot.com/2007/08/jeg-har-holdt-alvorstale-for-klasse.html