Det er heilt sant, dei har forska på det og forskarane er heilt einige!
"Faktumet" at havet stiger stemmer visst ikkje med røynda...
Ikkje det at eg har brydd meg noko særleg om havnivået, anna enn at om det skulle hende i røynda at havnivået steig bør dei som bur utsett til flytte til fjells. Fjell er flott, det er spanande terreng og god utsikt på toppane. Vel på grunn av den garantert menneskapte globale oppvarmingen, som ikkje kjem av at sola sender ut meir energi og at havet tar opp mykje av denne energien og vidare, flyttar tregrensene seg. Dette er sjølvsagt skræmande, spesielt sidan regnskogen og mykje av lungene til verden held på å døy ut, at ny vegetasjon dukkar opp der det ikkje har vore før og byrjar å omdanne CO2 til O2...
(åtvaring: meiningar og liknande som vert ytra her er forfattarens eigne meiningar og konklusjonar, det er ikkje noko den internasjonale forskarstaben med resten av verda i ryggen har godkjent.)
1 kommentar:
Hæ?
Legg inn en kommentar