onsdag 20. juni 2007

Stort Smell

Det er med sorg eg les at dei skal lage eit Small Bang, for å sjå korleis tida etter Big Bang såg ut.

For å gjere det bjart kvifor dette gjev meg ei stor sorg fortel eg nokre historiar:
Bror min krasja ein gong med ein hjort, om lag dei same faktorane som i Big Bang var tilstades: gjenstandar som krasja, litt fart og sjølvsagt energi, men alt som skjedde var at frontruta knuste og bilen vart bulkete(om eg ikkje hugsar feil overlevde hjorten).

USA slapp ein gong nokre atom over Japan, igjen har med faktorar som var i Big Bang: gjenstandar som krasjar i (stor) fart og energi, resultatet var sjølvsagt at Japan vart eit fruktbart område der noko nytt kalla liv oppstod eller rett og slett at alt liv vart utsletta og resten vart jamna med bakken.

Nokre terroristar flaug ein gong eit fly inn i eit høgt bygg, enno ein gong ser me dei livsviktige faktorane i Big Bang: gjenstand og krasj og energi, resultatet sjokkerte heile verda og alle gøymde seg i bunkersar.

Det var ein gong ei fredsam jul, heilt til Jorda var ueinig. Eit jordskjelv kom, havet forsvann. Sidan kom havet attende.
Atter eingong skjer det at me har same faktorar som Big Bang, materie, fart og energi. Atter ein gong seier kalkulatoren det same: materie+fart*ukontrollert energi=øydelegging.

Likevel er dei interessert i å krasje litt knark, som dei eingong ikkje kan sjå, inn i einannan, berre for å sjå på ei betasuppa dei ikkje kan sjå. Og det skal forestille starten på universet!

6 kommentarer:

Kristoffer sa...

Du er tåpeleg.

Synøve sa...

Og ganske smart:)
Helt enig i at et kræsj aldrig fører til annet enn ødeleggelse...noe annet er naturstridig!
Ha en fin sommer:)

Anonym sa...

La dei kræsje og bange i veg.
Dei får seg eit sjokk når dei ser at dei har gått på ein smell, ein stor smell.

mvh
-Eide

Runa sa...

Ta deg ein pause frå tenkeboksen din, du, Olan :) Sommartider hey-hey? Håper vi møtast i løpet av ferien, iallefall.

Jon sa...

No offence, men jeg har stor tro på at det er litt mer komplisert enn som så. Les i wikipedia. Der ligger alle svarene. :)

Jon.

http://en.wikipedia.org/wiki/Big_Bang

Anonym sa...

krsitoffer er tåpelig