Sola er god, sola er toppen!
I dag har det vore sol, men so fòr ho att.
Difor har det vore bra vêr, men so var det ikkje det lenger.
Dette er sjølvsagt berre oppramsing av korleis dagen har vore og fungerer omlag slik som keisam informasjon om noko sjølvsagt.
For å balansere dette kjem det no noko spanande som veg opp i mot det keisame:
Vêret var ikkje bra lenger når sola var bak skyene, det vil sei: sidan ein ikkje blir brun er ikkje vêret bra.
Fordi temperaturen er behageleg er det god aktivitet utandørs, for å ha bevismateriale for at noko vert gjort utandørs tek noko gjerne bilete. I dag vert det særs god kvalitet på bileta, dei bileta som vert tekne medan sola er bak ei sky.
Nok interresant informasjon.
Sola som gjekk bak ei sky tok berre ein pause i forsøket på å koka deg levande, den vil sidan atter prøva.
Sola som gjekk ned ein kveld skal atter skina.
Sola som går ned etter kvelds skal skina for deg i morgo, men om natta er den vekke.
1 kommentar:
Du, vêret er fortsatt bra selv om sola går vekk, men det er enda bedre når sola skinner og koker oss levende som du kaller det;)
Fornøyd? :)
Legg inn en kommentar