tysdag 10. april 2007

Ei lita takk til Magnus Johan Stokke

No har eg snart reist på leirar i Sætervika i 9 år, da blir ikkje ei bomba når eg då seier at Sætervika er heimen min, eg har vakse opp der og da er der eg endeleg har vorte mann(ein liten takk til Juryen høyrer nok heima no... Takk til juryen!)
Magnus Johan Stokke er blandt dei som har gjort det mogeleg for meg og han er blandt dei som har skylda for at eg kom omatt og omatt.
Fyrste leiren med Magnus eg kan hugse er 10-14-års-leiren då eg var 10, vel eg er ikkje sikker men nåkså sikker på at det var den leiren. Det som gjer at eg hugsar at Magnus var ledar då er: som den usikkre, barnslige, uansvarlege, sprø/galne, bråkete og kanskje litt teite fjortissen eg var då, sat eg bakerst i salen då han hadde takketale etter leiren og jubla vilt og gav aplaus til alt han sa; noko som førte til at han sa noko liknande dette: kom til Sætervika igjen og dåke vil treffe på sånne tullingar som Ole Malvin. Eg trur nok at eg fekk den merksemda eg trengde, men eg vart veldig paff og jubla ikkje like mykje då. Det er snart 7 år sidan denne leiren og frå i somar vil det ikkje verte so mykje leir i Sætervika med Magnus lenger, fordi han skal flytte til Rogaland og jobba for Kristus Herren der. Heldige rogalendingar.
Som eg sa i forgje innlegg var eg på leir no nyleg. Eine kvelden kom eg fram til at eg misunne de jenter som kan grine for det meste(?) Eg har gang på gang villa grina, kjent tårene pressa på og ynskja å grina, med andre ord kjent gråten som pressar på men ikkje slepp ut; det var noko som har haldt den igjen.

Kvelden etterpå får Magnus ein ball signert av oss på leiren som avskjedsgåva sidan han skal flytte ut or denne krinsen; då vart trolldommen bråten og gråten kom. Men eg vil seie at det Magnus har betydd for Sætervika, NLM Bergen krins, meg og to av mine brødre og alle andre han har fått påverke er verd dei tårene, dessutan gjorde det godt å få grina. Etter kveldsmøtet kom Magnus bortom til meg og eg fekk lov til å grina i famna hans. Me preika ilag om tida bakover og tida framover, og det gjorde so ufatteleg godt å sitta og grina saman med ein av dei personane som har forma meg, fortalt meg om Jesus(sjølv om eg kjem frå ein kristen heim og har høyrt forkynnesle andre stadar er det den eg har fått av Magnus og Sætervika eg kjem til å leve lengst på), fortalt i frå livet sitt, laga morokveldar som for meg har vore heilt fantastiske og med litt færre ord so har han vore læremeisteren min. Ein nokså god ein vel og merke.
Snart 7 år har gått sidan fyrste leiren eg hugsar med Magnus, snart 7 år har han prega livet mitt og eg sit no med ei god oppleving av Magnus og håpar at andre no skal få den gleda.
Det eg opplevde den kvelden, då eg grein av di Magnus reiser, gav for min del nokre vise ord frå Forkynnaren 7 ei kjensle og relatera bibelordet til. Slik lyder Herrens ord: Sorg er bedre enn latter; for om ansiktet er sørgmodig, kan hjertet være fylt av glede. De vise har sitt hjerte i sørgehuset, men dårens hjerte er i gledens hus. (Fork. 7. 3-4)
Til slutt: Takk for oppdragelsen og alt det andre du har gjeve meg, takk for den kompisen og ledaren du var, er eg vil vere.
Eg avsluttar med eit (gamalt)bilete av helten.

11 kommentarer:

Anonym sa...

Koselig å lese Ole;)

Men kossen kunne du være ein fjortiss når du berre var 10?

Ole Malvin sa...

Kristian:
nåken vokse fort. andre vokse seint. andre igjen vokse i da heila tatt. enno nåken andre gjer ting før dei sku gjort da. andre gjer da etter. andre igjen gjer aldri da dei sku gjort, når dei sku da. medan nokon andre alltid gjer alt dei ska når dei ska. sjølvsagt finns da eit utall til med slike, i tillegg til kombinasjonar.

dessutan: grunnen til at eg seie eg var fjortis då eg var 10 er at når eg ser på korleis eg oppførte meg då ser eg likehetstrekk til dagensfjortisfakte. ofte skjer det andre vegen og: når eg ser dagens fjortisfakte tenke eg på korleis eg var den tida. og eg var litt/veldig fjortiss frå då eg var ca 10 til ut på u.skule, då byrja da å roa seg. om da forklare nåke.

Anonym sa...

Joda.. skjønte da eigentleg.. men assso.. da va ein tull egentle.. ås du ha forresten dei so gjer da dei aldri skulle gjort og;)

meg sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
meg sa...

Hei, du, Olan, du er ikkje mann før du er tredve og har pondus ^_^

Og då snakkar eg ikkje om tredve kilo og eit Pondus-blad.


Heiande, det hadde vore mykje meir praktisk om ein kunne editera repliar, so slapp eg å fjerna dei der eg skreiv feil.

meg sa...

Som sagt, eg ynskjer at det var mogleg å endra innlegg.

Eg gløymde jo å sei det viktigaste:

Verkeleg synd at Magnus skal reisa. Fantastisk fyr.

Anonym sa...

Hei Ole Malvin
Takk for mange fantastiske leirer ilag. Du ein fantastisk person og håper du vil være forbilder for andre. Vi treng sånne som deg i Sætervika. Eg skal ikkje ha æro, den skal gå til Gud åleine. Vi jobber for han som har skapt oss og verden, og det er ei fantastisk prevelegium.
Gud velsigna deg rikt!

PS: fælt så tynn eg va på bilde... off:)

Ole Malvin sa...

Endre: ja, kanskje eg ska opna for å kunna endre kommentarar.

Magnus: jepp, Gud skal ha all ære. Men du fortener takk for det arbeidet du har gjort for Gud og det det har betydd.
PS: gammalt bilde, nyttårsleiren 03/04 trur eg.

Jon sa...

Du fikk sagt det.

Punktum.
Jon.

Jon sa...

Du fikk sagt det. Jeg og deg må ta over nå som Magnus stikker sin kos. ;)

Punktum.
Jon.

Anonym sa...

Bra dåke tar over!!! Då blir eg glad! Sætervika trenger dåke!