fredag 23. mars 2007

Singel.

Jo eg er singel og eg vil gjera noko me da, eg er til dømes med i singelklubben(det er nok dei som ser ned på meg fordi eg treng ein klubb for å bli ein bedre singel eller noko i den kyrkjetonearten... forresten, eg sett pris på om de les kontaktannonsa mi og eventuelt komentera :) men kor går neste steg?

Det seies at det beste er å vere seg sjølv; det er der problemet ligg, for min del. Gjennom oppveksten har eg hatt lett for å vere for meg sjøl, ofte i eine enden av ei fiskestong(som regel den rette, ikkje i krokane) eller i ei bok. Difor, når eg skal vere meg sjølv(noko eg ikkje har vanskar med for det er det som er naturleg for meg) blir det fort at eg er ein einsam person som går for seg sjølv eller ikkje seier so alt for mykje...
Håpar dette er noko som vil betre seg etter kvart og at nokon kanskje hjelpe meg?

2 kommentarer:

meg sa...

Du har takken!

Sjå antibloggen min for meir informasjon.

Heia skadisme, forresten.

Ingeborg sa...

"...eller noko i den kyrkjetonearten..."

Notert og sitert :D

(berre synn sånn humor egentli berre funke på Kongshaug og andre urmusikalske plassa...)