tysdag 31. mars 2009

Utan mat og drikka duger berre Lars Monsen.

Lars Monsen har ikkje hunder for å trekke pulken. Han har dei med som nødproviant.

Ja, det er underleg kva som får ein til å tenkja. Fyrste gong eg høyrde den vitsen lo eg godt, og fekk høyra frå nokon, kanskje fornuftige folk, at "uff so drøy den va". Vel, det var kanskje ikkje heilt sånn det vart sagt, å ha relativ hukommelse er bale. (Relativ hukommelse: å berre hugse det hukommelsen lar deg hugse.) Vel, vel, eg lot det vertfall vere. Tykte vitsen var god men ville ta hensyn til at personen syns det var vondskapsfullt å spøke med sånt. Det er jo ikkje akkurat humant å ete kjæledyra sine, er det? Hehe, no må eg ikkje lata som om eg er eit prakteksemplar, eg har ete kanina mi og den smakte godt. Og, det som hindra meg i å ete marsvin var at me ikkje fora dei til å verte verkelege svin. Men ete hund!? Det er jo menneskets beste venn! Er det det åleine som gjev mennesket frysningar ved tanken på å ete hund? Eg har høyrt det vert ete hunder i Kina. Så det går jo an... Men no har eg faktisk tenkt litt, diverre har eg ikkje slått opp i Bibelen for å sjekke kva dyr me kan ete, og om det er lov å ete kjæledyr. Likevel kom eg fram til ein konklusjon eg tykjer er fornuftig. For hunden er eit rovdyr, som andre dyr som et andre dyr; et dyr, ikkje insekt, vel og merke. Når eg kjenner etter i hjarta mitt er det ein motbydeleg tanke. Å ete noko som har ete eit levande vesen. Kva er det neste? Å ete mennesker?! Diverre har det seg slik at eg ikkje alltid lar hjarta mitt styre, eigentleg er eg nøgd om det berre smakar godt. Dessutan et me fisk, som et andre fiskar, ofte av sin eigen art. Me et altso kanibalar og tykjer det smakar kjempegodt, me betaler gjerne skjorta for ein god fisk! Men å ete mennesket sin beste ven, nei ein stad går grensa; dei er jo ikkje kanibaler ein gong!

5 kommentarer:

Millita sa...

Jeg kan ikke forestille meg at noen kan spise kjeledyret sitt, noe så grusomt. For min del syntes jeg at det er en motbydelig tanke å spise kjøtt i det hele tatt, men det er jo godt, så jeg spiser det likevel. Jeg vurderer å bli vegetarianer. Å spise hund er utenkelig, helt grusomt.

Runa sa...

Lars Monsen <3
lol

Ole Malvin sa...

æsj, "lol"!

Det fins ikkje lesbiske kvinner, berre kvinner som ikkje har truffe Lars Monsen!

meg sa...

Eigentleg er ikkje hunden menneskets beste ven, mennesket er hundens beste leikety.

Sjølv so tykkjer eg at det er ganske mange andre Lars Monsen-vitsar som går lenger over streken (Lars Monsen er født med ski på beina, sekk på ryggen og en hundeslede med 12 hunder (Stakkars mor), Lars Monsen er den eneste som har drept en grizzlybjørn med dens egne tenner), men eg meiner at so lenge det er vitsar, er det berre gøy. ^_^

^_^

...

... ...

^_^ ^_^

Britt Linn sa...

De spiser hunder i Kina! Eg og Karoline såg en stakkars....